Byggesøknad Reserver Me kan hjelpa med å avklara kva for tiltak som er søknadspliktige og kva for krav det er til søknad. Me kan også rettleia i søkeprosessen. Nøkkelinformasjon Ofte stilte spørsmål Er tiltaket mitt søknadspliktig?Direktoratet for byggkvalitet har gode informasjonssider som kan svara ut om tiltaket ditt er søknadspliktig:Råd og vegvisarar til deg som har byggeplanarKorleis søkjer eg?Du kan lesa meir om dei ulike stega i ein byggesøknad på nettsida vår: Slik søkjer duKorleis bestille møte?Slik reserverer du tidNår du har funne sakshandsamaren du ønskjer å snakke med, trykk på «Reserver» for å sjå ledige tider i kalenderen. Vel det tidspunktet som passar deg best. Du kan sjølv velge om du vil reservere telefon-, teams-, eller fysisk møte. Fyll ut registreringsskjemaet så grundig som mogleg, slik at sakshandsamaren kan førebu seg til møtet. Send deretter inn førespurnaden.Førespurnaden blir sendt direkte til sakshandsamaren.Først får du ei e‑post som stadfestar at du har sendt inn ei førespurnad om møte.Deretter vil sakshandsamaren sende ei eiga møteinnkalling i ei ny e‑post. Dette er den endelege stadfestinga på møtet, og du må då ta stilling til om du vil godta eller avslå innkallinga.Teams, telefon eller fysisk oppmøte?Me har god erfaring med effektiv og fleksibel rettleiing via Teams eller telefonmøte - og ønskjer difor å legge til rette for dette.Dersom du heller ønskjer personleg oppmøte på kommunehuset, ønskjer me deg sjølvsagt velkommen til det. Du kan sjølv velge kva type møte du ønskjer når du reserverer tid i kalenderen. Kor langt møte kan eg få?Våre møter er 30 minutt. Dersom du treng lengre tid, kan du opplyse om dette i kommentarfeltet i registreringsskjemaet.