Vil du bli tryggare på PC og mobil?
Bli med på Digitale møteplassar – eit gratis tilbod for deg som ønskjer å lære meir om digitale verktøy i kvardagen.
Praktisk informasjon
- Digitale møteplassar er på Kulturhuset i Suldal, onsdagar kl. 13.00
- Du treng ikkje melde deg på – det er berre å møte opp!
- Det blir god tid til personlege spørsmål og hjelp kvar gong.
- Ta med mobilen eller PC-en din, og kom som du er!
Tema for våren:
- 21. januar: Digitale kommunale tenester og helsenorge.no
- 28. januar: Praktiske tips til kvardagen
- 4. februar: Sparebank Norge
- 11. februar: Kulturhuset og deira tilbod
Tips gjerne ein som kan ha nytte av dette.
Les meir på nettsida til Suldal frivilligsentral
Publisert 14.01.2026 12.34