Vil bedrifta di bidra til integrering?
Arbeidsplassen er den viktigaste integreringsarenaen for vaksne flyktningar. Men me veit at mange arbeidsgivarar er usikre: Kor mykje ekstraarbeid er det? Kva forventast av meg?
Introsenteret i Suldal
Suldal kommune
Du står ikkje åleine
Introsenteret i Suldal og NAV gir deg tett oppfølging og hjelp gjennom heile prosessen. Du får:
- Rettleiing og støtte før, under og etter oppstart
- Skreddarsydde opplegg tilpassa di verksemd
- Gratis tenester som praksisplassar, norskopplæring og rekrutteringshjelp
- Økonomiske ordningar som lønnstilskot og inkluderingstilskot
Du kan stille spørsmål når som helst – me er her for å hjelpe deg å lykkast.
Les meir om korleis du kan bidra og kven du kan kontakte
Publisert 08.10.2025 12.39