Usikker is på regulerte vatn
I regulerte vassdrag vil det alltid vere fare for område med ope vatn og svak eller utrygg is. Dette gjeld særleg:
- ved inn- og utløpsosar
- ved tappeluker
- ved bekkeinntak og område med straum
- langs land, der varierande vasstand kan gi sprekker og svake parti som ofte er skjult av snø
Mildvêr, nedbør og raske endringar i vasstand kan gjere isen ekstra utrygg.
Gjer alltid eigne vurderingar før du går ut på isen.
For oppdatert informasjon viser me til NVE si teneste:
https://iskart.no (del av varsom.no)
Kraftleidningar og snøskavlar
Store snømengder og oppbygging av skavlar kan gi farleg låg avstand mellom kraftleidningar og bakken.
Hald god avstand og ver merksam når du ferdast i desse områda.
Vasstand i magasin
Vasstanden i fleire av dei regulerte magasina i området kan du følgja her:
Votna, Valldalen og Røldalsvatn
SMS-teneste for oppdaterte meldingar
Det er etablert ei SMS-teneste der alle kan få statusmeldingar om forholda i dei regulerte områda.
Grupper:
RSKVEST – informasjon om forholda i Valldalen og Votna
RSKAUST – informasjon om forholda på Sandvatn og Holmevatn
Slik melder du deg inn:
Send SMS til 2229 med teksten RSKVEST eller RSKAUST (i eitt ord).
Du vil straks motta ei melding med oppdatert informasjon.
Slik stoppar du meldingane:
Send SMS til 2229 med teksten RSKVEST STOPP eller RSKAUST STOPP
(hugs mellomrom mellom orda).
Kvar gjeld reguleringane?
Hydro Energi og Lyse Kraft har regulerte vatn i følgjande område:
- Røldal
- Øvre Suldal
- Lyse-, Tjodan- og Flørliheia
- Låglandsområda Oltedal, Maudal, Sviland, Ogna og Jørpeland
For alle desse områda gjeld dei same råda:
Vis aktsemd, respekter skilting, og følg fysiske markeringar og sperringar.
Forholda kan endre seg raskt
Vêr, temperatur og reguleringar gjer at is- og vasstandsforhold endrar seg frå dag til dag. Me oppmodar alle som ferdast i reguleringsområda om å følgja med på oppdatert informasjon, og ta kontakt dersom de er usikre.
Har du spørsmål eller innspel?
Ta gjerne kontakt med Hydro Energi Røldal–Suldal eller Lyse Kraft.
Ver forsiktig – og god tur!
Iskart.no
For oppdatert informasjon, sjekk iskart.no