Bakgrunn
Statkraft manøvrerer kraftstasjonar og dammar slik at vassføringa i Suldalslågen er i samsvar med reglementet for Ulla-Førreverka. Som følgje av manøvreringsreglement for Suldalslågen, vil Statkraft auke vassføringa til Suldalslågen slik at det oppstår vårflaum. Vassføringa ut av Suldalsvatnet vil auke frå 20 til 200 m3/s i løpet av to dager (25. - 26. april). Blir halde konstant i 4 dager (27. -30. april) for så å bli redusert.
I samsvar med reglementet skal Statkraft ved flaum «ta sikte på å halde vassføringa ved Larvika under 350 m3/s». Vi kan difor ikkje sjå at vårflaumen medfører fare for skadeflaum. Det vil i denne perioden vere sterk straum oppstraums dam ved Suldalsosen. Ferdsel på vatnet i dette området er forbunde med stor fare. Vi vil understreke at vasstanden i Suldalslågen vil auke raskt, og tilrår alle å fjerne eller sikre verdiar i strandsona.
Spørsmål
Ved spørsmål, ta kontakt med kraftverkssjef Bjørn Sandvik, tlf. 52 79 32 20 / 481 64 403