Vaksinering hausten 20251.juni 2025 vart det innført eit nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne. Programmet omfattar personar frå og med det året dei fyller 65 år, og yngre personar i risikogrupper. VaksinasjonstilbodetÅrleg vaksine mot sesonginfluensaÅrleg vaksine mot covid-19Pneumokokkvaksine frå det året du fyller 65 år Vidare er risikogruppene definerte av Folkehelseinstituttet. Målsetninga med vaksinasjonsprogrammet er å førebygge sjukdom og dødsfall. det blir sendt påminning til dei over 65 år som ikkje nyttar seg av tilbodet. Informasjon om vaksinering hausten 2025Må eg bestilla time for vaksinering?Nei. du treng ikkje bestilla time for vaksinering. Møt opp på legekontoret på dato for di aldersgruppe.Stad og tidspunkt for vaksineringVaksinering finn stad på Suldal legekontor.Suldal kommune har tilbod om vaksinering desse datoane: Vaksniasjonsdatoar haust 2025DatoTidspunktAldersgruppe28.oktoberKl.14.30 - 16.3080 - 100 år29.oktoberKl.14.30 - 16.3073 - 79 år4.novemberKl.14.30 - 16.3069 - 72 år5.novemberKl.14.30 - 16.3065 - 68 år og andre Prisar Prisar vaksineringVaksineMålgruppePrisKoronavaksineDefinerte målgrupperKr. 110,- ink. vaksinesettingInfluensavaksineKr. 300,- ink. vaksinesettingPneumokokkvaksineOver 65 årKr.475,- ink. vaksinesetting Me oppmodar til betalling med bankkort i automaten.Pasientreiser dekker ikkje reiseutgifter til vaksinering.Vaksine mot influensaKven bør ta influensavaksine?Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men nokre personar er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I no\Noreg bør om lag 1,7 millionar barn og vaksne ta influensavaksine.Influensavaksine blir spesielt tilrådd for:Alle frå og med det året dei fyller 65 årBebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustaderGravide etter veke 12 i svangerskapet (2. og 3. trimester), og gravide i 1.trimester som har annan helserisikoPrematurt fødde barn, særleg dei som er fødde før veke 32 i svangerskapet, frå dei er 6 månader til 5 år Barn og vaksne med:kronisk lungesjukdom (inkludert astma)hjarte- og karsjukdom (med unntak av godt regulert høgt blodtrykkdiabetes type 1 og 2leversvikt eller nyresviktkronisk nevrologisk sjukdom eller skade, særleg ved redusert lungekapasitet og/eller svekt hostekraftnedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling (til dømes ved organtransplantasjon, kreft, HIV, reumatoid artritt eller liknande tilstandar)svært alvorleg fedme (KMI over 40)annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan gi alvorlege komplikasjonarI tillegg blir vaksinen tilrådd for:Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientarPersonar som bur saman med, eller er i nær kontakt med, personar med sterkt svekt immunforsvarSvinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisarKvifor bør eg ta influensavaksine?Influensa er ein alvorleg sjukdom som kan føre til lungebetennelse, forverring av kroniske grunnsjukdomar og varig svekt helse. For personar i risikogruppene kan influensa gi alvorlege komplikasjonar.Influensavaksine reduserer risikoen for desse komplikasjonane, og kan bidra til å førebyggje alvorleg sjukdom, sjukehusinnlegging og i verste fall død.Vaksinasjon er spesielt viktig for deg som har auka risiko for komplikasjonar, eller som er i nær kontakt med sårbare personar. For meir informasjon om influensavaksine, sjå FHI sin nettstad om influensavaksine Vaksine mot koronaKven bør ta koronavaksine?Folkehelseinstituttet tilrår ei oppfriskingsdose for følgjande grupper:Personar 75 år og eldreBebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimarPersonar i alderen 18–74 år som høyrer til ei risikogruppeUngdom 12–17 år med alvorleg grunnsjukdomBarn frå 6 månader til 11 år med alvorleg grunnsjukdom, etter individuell vurdering av behandlande legePersonar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte Merk: Dersom du er under 65 år og ikkje sjølv er i ei risikogruppe, men bur saman med ein person med svekt immunforsvar, må du betale full pris for vaksine og vaksinering. Du er då ikkje omfatta av vaksinasjonsprogrammet.Tilbod til andre grupperPersonar mellom 65 og 74 år som ikkje er i risikogruppe kan få vaksine gjennom vaksinasjonsprogrammet, til same eigenandel som risikogruppene.Gravide utan underliggande sjukdom blir ikkje lenger rekna som ei risikogruppe for alvorleg koronasykdom.Gravide med underliggande sjukdom blir framleis tilrådde oppfriskingsdose og er inkludert i gruppa «18–74 år i risikogruppe». Vaksinasjon av barn og unge under 18 årFolkehelseinstituttet vurderer at det ikkje er grunnlag for å tilrå grunnvaksinasjon til barn og unge under 18 år utan underliggande sjukdom. Dei får svært sjeldan alvorleg koronasykdom, men enkelte kan trenge sjukehusbehandling.Vaksinasjon kan vere aktuelt for barn og unge med alvorleg grunnsjukdom. Barn i alderen 6 månadar–4 år og 5–11 år får eigne barnedosar.For timebestilling for barn: Ta kontakt med din faste helsesjukepleiarBarn som har fylt 16 år kan gj samtykke til vaksinasjon sjølveFor barn under 16 år, krevst samtykke frå føresette. Ved felles foreldreansvar må begge føresette samtykke. HelsepersonellFolkehelseinstituttet vurderer at det ikkje er grunnlag for å gi ei eiga tilråding om ny oppfriskingsdose til helsepersonell generelt. Helsepersonell som sjølv høyrer til ei risikogruppe, blir derimot tilrådde vaksinasjon.Vaksine mot pneumokokk-sjukdomKven bør ta pneumokokkvaksine?Alle personar over 65 årPersonar med sjukdom som gir svekt immunforsvar, eller som brukar medisinar som svekkar immunforsvaretPersonar med kroniske sjukdomar og enkelte andre tilstandar som aukar risikoen for alvorleg pneumokokksjukdom . Snakk med fastlegen din dersom du er usikker på om du er i ei risikogruppePersonar med auka smitterisiko gjennom arbeid, til dømes:LaboratoriepersonellPersonar som blir eksponerte for sveisarøyk Tilbod om pneumokkvaksine til deg som er fødd i 1960I tråd med vaksinasjonsprogrammet for vaksne får alle som er fødd i 1960 tilbod om pneumokokkvaksine til redusert pris. Vaksinen som blir brukt, er Pneurmovax, og kostar kr 110 dersom ho blir sett åleine. Du får òg tilbod om influensavaksine og koronavaksine samstundes med pneumokokkvaksinen. Publisert 30.05.2025 13.40