Vaksinasjonstilbod hausten 2025

Vaksinasjonsprogrammet omfattar personar frå og med det året dei fyller 65 år, og yngre personar i risikogrupper.  Suldal kommune har tilbod om vaksinering til faste dagar i oktober og november.   Du treng ikkje bestilla time for vaksinering - møt opp i tidsrommet som er avsett til di aldersgruppe.

Vaksinasjonstilbodet

  • Årleg vaksine mot sesonginfluensa
  • Årleg vaksine mot covid-19
  • Pneumokokkvaksine frå det året du fyller 65 år

 

Vidare er risikogruppene definerte av Folkehelseinstituttet. 

Målsetninga med vaksinasjonsprogrammet er å førebygge sjukdom og dødsfall. det blir sendt påminning til dei over 65 år som ikkje nyttar seg av tilbodet. 

Informasjon om vaksinering hausten 2025

Kontakt

Suldal legekontor
Telefon 52 79 23 00

Eidsvegen 3, 4230 Sand