Takk for no, 2009-kullet

I går kveld takka me av 2009-kullet etter vel gjennomført grunnskuleløp.

Avgangselevar på Sand skule - Klikk for stort bilete2009-kullet Sand skule

Etter tre innhaldsrike år på ungdomstrinnet har dei no kome til eit vegskilje i livet. Ei avslutning av grunnskuleløpet, er også eit velkommen til nye moglegheiter og utfordringar! 

Me ønskjer dei lukke til vidare i utdanning, venskap, kjærleik og framtid! Men først: GOD SOMMARFERIE!