Bakgrunn og prosess
15. september: Suldal og Sirdal la inn eit felles bod på 104 millionar kroner for Kvitsøy sin eigarpost i Lyse AS (0,233 %).
30. september: Kvitsøy kommunestyre godkjende salet.
Oktober–november: Dei andre eigarkommunane i Lyse fekk høve til å nytta forkjøpsretten sin. Ingen valde å gjere dette.
19. desember: Suldal og Sirdal kommunar tiltrette aksjonæravtalen
22. desember: salet blir formelt gjennomført.
Sitat frå ordførarar og styreleiar i Lyse:
Ordførar i Suldal, Mads Drange, seier:
«Dette er ei gladmelding for Suldal! Vi har fått ein strategisk posisjon i eit selskap som har stor betydning både for kommunen og regionen vår. Eigarskap gir oss som vertskommune både innflytelse og langsiktig verdi, og vi ser fram til å bidra aktivt i eigarskapen.»
Ordførar i Sirdal, Jonny Liland, legg til:
«Sirdal kommune har eierskap i Å energi. Når muligheten for eierskap i Lyse bød seg, ble det vurdert som et langsiktig strategisk grep. Veien hit har ikke vært uten utfordringer, og jeg er glad for at vi nå kommer helt i mål. Lyse er en stolt og spennende bedrift og største enkelteier i Sira Kvina kraftselskap som regulerer de store vassdragene i kommunen vår. Vi trer inn i eierskapet med en ambisjon om å være en bidragsyter».
Styreleiar i Lyse Harald Espedal seiar følgande:
«Frå styret si side ser vi positivt på at sentrale vertskommunar som Suldal og Sirdal no blir eigarar i Lyse. Sirdal og Suldal har langvarig tilknytning til konsernet og felles interesser for vidareutvikling av Lyse. Dette utvidar eierskapet regionalt i et selskap som er viktig for heile regionen.»
Har de spørsmål knytta til dette, tek kontakt med Mads Drange, ordførar i Suldal;
992 545 43, mads.drange@suldal.kommune.no