Suldal kommune styrkjer innsatsen mot sjukefråvær

Suldal kommune trappar opp arbeidet med å redusere sjukefråvær blant tilsette, og lanserer ei brei satsing som kombinerer forsking, førebygging og kulturbygging. Målet er å skape eit meir inkluderande og helsefremjande arbeidsmiljø, og sikre at fleire kan stå i arbeid over tid.
Sjukefråvær handlar ikkje berre om tal og statistikk, men om menneske, helse og eit godt arbeidsmiljø, seier kommunedirektør Siri Halvorsen. – Me må jobbe med nærværsarbeid og tilrettelegging for å møte framtidas behov.

Forsking og innovasjon: SHIELD-prosjektet

Suldal kommune har signert ein intensjonsavtale om deltaking i forskingsprosjektet SHIELD, i regi av helseteknologiselskapet ABEL. Prosjektet skal utvikle digitale helsetenester for sjukemeldte med psykiske plager og muskel- og skjelettlidingar, dei to største årsakene til sjukefråvær i Noreg.
Ved innvilga støtte frå Norges forskningsråd får kommunen tilgang til gratis oppfølgingstenester levert av sertifiserte helseveiledarar. Oppstart er planlagt til hausten 2026.

Førebyggande tiltak i kvardagen

Kommunen arbeidar med å setje i verk fleire tiltak for å styrke helsa og trivselen blant tilsette:

  • Treningsstøtte: Suldal kommune har starta eit prøveprosjekt med å støtte delar av  medlemskap for faste tilsette på STAS-knallform. Dette er eit helsefremjande tiltak som kan førebygge fråvær på sikt. 
  • Oppfølging av risikogrupper: Suldal kommune er oppstartsfasen med eit treningstilbod retta mot tilsette med hyppige og langvarige fråvær.
  • Livsfasepolitikk: Suldal kommune arbeidar med å endre seniorpolitiske retningslinjer til livfasepolitikk for å tilrettelegge for systematisk leggje til rette for fleire fasar i livet.
  • Revidere retningslinjer for førebygging av sjukefråvær

 

Systematisk arbeid og kulturbygging

Suldal kommune arbeider kontinuerleg med å redusere sjukefråvær gjennom:

  • Retningslinjer for oppfølging og førebygging
  • Tett oppfølging og dialogmøter med HR og bedriftshelsetenesta
  • Aktiv bruk av bedriftshelsetenesta
  • Samarbeid med Falck Karriere og bruk av verktøy frå Idébanken
  • LEAN-forbetringstiltak og kulturbygging gjennom kollegaloven og velferdsutvalet
  • Digitalt kurs om robuste individ våren 2026
  • 10-faktorundersøking hausten 2025

 

IA-avtalen 2025–2028

Den nye IA-avtalen legg opp til meir målretta tiltak og styrka trepartssamarbeid. Kommunen har forplikta seg til å styrkje oppfølginga av sjukmeldte og sikre god etterleving av regelverket.
Suldal kommune ser fram til å vidareutvikle dette arbeidet, med mål om å skape ein arbeidsplass der alle kan bidra, og der helsa og trivselen står i sentrum.

Kontakt

Elise B. Nedrejord
E-post
Telefon 95 98 58 34
Mobil 95 98 58 34
Gorm Hol
E-post
Telefon 45 65 14 89
Mobil 45 65 14 89
Profilbilde av Siri Halvorsen
Siri Halvorsen
Kommunedirektør
E-post
Telefon 97 64 51 33
Mobil 97 64 51 33