Møte med Tyahyn ukrainsk kommune
Suldal kommune
Møtet fann stad som del av Ukraina-nettverket, eit initiativ i regi av KS og søsterorganisasjonen deira i Ukraina, Association of Ukrainian Cities (AUC). Gjennom dette nettverket blir norske kommunar oppmoda til å inngå partnarskap med ukrainske kommunar for å støtte gjenoppbygging og utvikling etter krigen.
Ein kommune i krise, men med blikket framover
Leiar for den militære administrasjonen i Tyahyn, Mykhailo Yatesenko, deltok i møtet frå eit tilfluktsrom. Han fortalde om ein kommune som før krigen hadde om lag 10 000 innbyggjarar, no er det berre 700 att. Krigen har øydelagt store delar av bygningsmassen og infrastrukturen, jordbruksområda er minelagd, og innbyggjarane lever under konstant trussel frå dronar.
Likevel arbeider kommunen aktivt med å oppretthalde kritisk infrastruktur som vatn og straum, og planlegg for framtidig gjenoppbygging og utvikling.
Gjensidig samarbeid og kulturutveksling
I møtet vart fleire aktuelle samarbeidsområde diskuterte, og det vart semje om å arbeide for at ein delegasjon frå Tyahyn skal få kome på besøk til Suldal. Ordførar Mads Drange understrekar at dette ikkje er eit reint bistandsprosjekt:
– Me ser dette som eit likeverdig samarbeid med ein ukrainsk kommune som står i ein ekstremt krevande situasjon, men som tenker framover og ønskjer å bygge opp lokalsamfunnet sitt. Me har også mykje å læra, spesielt om sivil beredskap frå eit land med dei erfaringane dei har. Gjensidighet er viktig – dette er ikkje eit reint bistandsarbeid. Målet er også kulturutveksling og å læra av kvarandre.
Tyahyn våpenskjold
Tyahyn ukrainsk kommune
Ungdomsperspektivet i sentrum
Ungdomsrådet i Tyahyn deltok også i møtet, og det gjorde sterkt inntrykk. Suldal kommune ønskjer å få til eit møte mellom ungdomsråda i dei to kommunane så snart som mogleg, slik at ungdomsperspektivet blir ein sentral del av samarbeidet.
Korleis kan du bidra?
Eit godt og berekraftig samarbeid føreset engasjement frå frivillig sektor, næringslivet og lokale eldsjeler. Suldal kommune vil kome tilbake med meir informasjon om korleis innbyggjarar og aktørar kan engasjere seg i prosjektet.