Suldal kommune i dialog med Haugaland Kraft og Fagne
8. oktober hadde Suldal kommune eit godt og lærerikt møte med Haugaland Kraft og Fagne AS. Tema var korleis me saman kan løyse utfordringar og gripe moglegheiter knytt til kraft, nett og næringsutvikling i Suldal.
Innsikt i energiselskapa sitt arbeid
Konserndirektør Pablo Barrera gav oss eit spennande innblikk i korleis Haugaland Kraft jobbar – både med produksjon, nett og ny teknologi. Direktør i Fagne Kristoffer Vannes, fortalde om Fagne sine planar for utbygging og oppgradering av nettet i Suldal.
Fleire område å samarbeida om
Frå kommunen si side delte me korleis me ønskjer å bruke suldalskrafta til å skapa varige verdiar for framtida.
Eit godt møte der begge partar lærte noko nytt – og fann fleire område der me kan samarbeide tettare framover!
Publisert 09.10.2025 09.52