Suldal brann og redning. Frå venstre: Kristofer Tveiterå, Werner Bakka, Geir Eikesås, Morten Aarhus og Mads Drange.
Suldal kommune
– Dette er ei solidarisk handling, og me er stolte over å kunne bidra, seier ordførar Mads Drange, som sjølv er brannmann og ein av dei fem frå Suldal brann og redning som leverte bilane personleg måndag.
Brannbilane køyrde i helga heilt fram til mottak i Ukraina, i samarbeid med organisasjonen Nubas, som har lang erfaring med å frakte naudhjelp til krigsramma område. Turen starta fredag morgon frå Suldal, med oppmøte på Gardermoen fredag kveld. Laurdag gjekk kolonnen vidare gjennom Sverige og Polen, før dei kryssa grensa til Ukraina søndag kveld.
Brannbilar til Ukraina
Suldal kommune
Overlevering måndag
Overleveringa skjedde måndag føremiddag i byen Rava Ruska, der ukrainske myndigheiter tok imot bilane og sørga for vidare distribusjon. Etter ein felles middag med representantar frå ukrainsk brannvesen, går turen vidare til Warszawa, og heimreise skjer tysdag.
– Me er klare over at me køyrer inn i eit land i krig, og at utrykningskjøretøy kan vere legitime mål. Men me har god tryggleik rundt oss, og gode planar om noko uforutsett skulle skje, seier Drange.
Brannfolka frå Suldal gjer dette på dugnad, utan betaling. I tillegg til ordføraren deltek fire andre frå brannvesenet, og alle reiser i brannuniform.