Suldal kommune har delt ut over 50 millionar kroner til energieffektivisering – ordninga går mot slutten

Sidan 2022 har Suldal kommune støtta innbyggarar, hyttefolk og næringsliv med tilskot til energieffektiviserande tiltak. No nærmar ordninga seg slutten, og kommunen kan sjå tilbake på stor interesse og mange gode resultat.

  • Det har vore privilegert å kunne dele ut pengar og kome tettare på folk gjennom ordninga

    -Ronny Mehus Rugland, saksbehandlar

 

Portrettbilde av tilsett - Klikk for stort bileteRonny Mehus Rugland, rådgjevar Suldal kommune

Ordninga har vore ein suksess: Over 50 millionar kroner er utbetalt gjennom 2338 søknader. I snitt har kvar mottakar sendt inn 1,3 søknader.

Det har vore privilegert å kunne dele ut pengar og kome tettare på folk gjennom ordninga, seier Ronny Mehus Rugland, saksbehandlar for ordninga.

Stor interesse frå både fastbuande og hyttefolk

Av dei 2238 bustadene i Suldal har over halvparten fått støtte til eitt eller fleire tiltak. For fritidsbustader er talet ein tredel.
Gjennomsnittleg støtte har vore 20.000 kroner per søknad til hus og hytte, og 54.000 kroner til næringsverksemder. På det meste kom det inn over 160 søknader på ein månad, medan det no kjem 20–30 søknader i månaden.
Det var travelt i starten, spesielt då hyttefolket kasta seg rundt. Me hadde ikkje riggen klar, men det har gått fint etter kvart, fortel Rugland,

Kva har folk søkt om?

Dei mest populære tiltaka har vore varmepumper og vedomnar, medan interessa for solceller fall etter at staten innførte straumstøtte.
Næringslivet har også nytta ordninga godt. Blant anna har Joker Vatlandsvåg fått støtte til oppgradering av fryseanlegg, og Energihotellet har investert i bergvarmepumpe med støtte frå kommunen.
–  Det har vore behov for å utvikle og konkretisere regelverket undervegs, seier Rugland

Ringverknader for lokalt næringsliv

Ordninga har ikkje berre gitt innbyggarar og bedrifter lågare energikostnader, den har også skapt aktivitet for lokale handverkarar og leverandørar.
Snekkarar har fått ekstra oppdrag med etterisolering og skifte av vindauge, elektrikarar har montert solceller på tak, og installatørar har sett opp varmepumper i heile kommunen.
Ordninga blei tatt godt imot av lokale bedrifter, seier Rugland.

Ordninga avsluttast i løpet av 2026

Kommunen minner om at ordninga går ut i løpet av året.
Me har fått mange gode tilbakemeldingar, . men til hausten er det slutt for denne gong. Det har vore kjekt og givande, og eg vil takke for mange gode samtalar dei siste åra og takke dei som har tatt det med eit smil når ikkje alt har gått å skinar avsluttar Rugland.

Fakta om ordninga

  • Generelt:

    • Over 50 millionar kroner delt ut
    • 2338 saker avgjort
    • 143 næringslivssøknader
       
  • Hus og hytter:

    • 456 varmepumper installert
    • 331 isoleringstiltak
    • 331 vedomnar
    • 82 solcelleinstallasjonar

Ønskjer du å søkja?

Les meir om ordninga her. 
 

Kontakt

Ronny Mehus Rugland
E-post
Telefon 95 73 16 67
Mobil 95 73 16 67