Suldal er med i eit storstilla kommunesamarbeid innan helse

Saman med over 20 kommunar skal Suldal skaffa nytt pasientjournalsystem. Kontrakten har ein samla verdi på 600 millionar kroner, og er no ute på anbod.

Elektronisk pasientjournal (EPJ)

Elektronisk pasientjournal (EPJ) er lovpålagt i kommunehelsetenesta, og dagens løysing er i ferd med å gå ut på dato.
Det ligg store moglegheiter i å bruke ny teknologi for å møte utfordringane vi står overfor. Med ny EPJ skal vi kunne frigjere tid for tilsette, og støtte opp under nye og endra arbeidsprosessar.

Den nye løysinga skal òg leggje til rette for betre deling av informasjon og betre pasienttryggleik, samstundes som ho skal vere eit brukartilpassa arbeidsverktøy som gir god beslutningsstøtte og sparer helsepersonell for administrasjonstid.

I dag blir tre ulike EPJ-løysingar brukte i Rogalandskommunane. Når dette blir samordna, blir informasjonsflyten betre, både internt i kommunen og mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Kommunane skal samarbeide om implementering, migrasjon, kommunikasjon, opplæring og gevinstplanlegging av ny EPJ.

Anskaffinga blir leia av Stavanger kommune, i tett samarbeid med dei andre kommunane.

– Dette blir eit stort løft for heile regionen. Gode helsetenester til innbyggjarane er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har. Når kommunane går saman, får vi den krafta vi treng for framtida, seier kommunedirektør i Stavanger, Per Kristian Vareide.

Stavanger blir først ut med ny EPJ, som etter planen skal vere i gang innan utgangen av 2026. 

Når tilsette får tilgang til ny teknologi som sparer tid og er intuitiv i bruk, blir resultatet betre kvalitet på tenestene. Dette fører igjen til ei betre oppleving og ein betre kvardag for pasientane våre.

Du kan lesa meir om prosjektet på DigitRogland sine nettsider.