Strøyming av møte - no med tekst

Me jobbar stadig mot at tilboda våre skal vere universelt utforma og famna breitt. Difor har me no teke i bruk teksting av opptaka våre frå dei politiske møta. 

Skjermbilete KommuneTv - Klikk for stort bileteSkjermbilete KommuneTv Suldal kommune

Krav om teksting

Det er lovkrav om teksting av filmopptak frå det offentlege dersom disse skal vera tilgjengelige over 14 dagar. Når me no har teke i bruk teksting kan opptaka frå møta ligge publiserte for publikum ut over dette. 

Automatisk generert tekst

Me brukar Nasjonalbiblioteket sin språkmodell og legg på nynorsk tekst etter møta. Teksten er automatisk generert, og i testane våre har det fungert godt med både målform om dialektord. Samstundes veit me at somme “suldals-ord og uttrykk” kan vera utfordrande å tolka.

Like fullt håpar me tekstinga kan vera til hjelp for dei som treng det, og bidra til auka openheit og tilgjenge for alle.

Dei som treng tekststøtte, og andre interesserte, får teksten opp under “CC-knappen” i sendinga. 

Her finn du opptaka våre i Kommune-TV

Kontakt

Martine Førre
Rådgiver
E-post
Telefon 46 88 17 67
Mobil 46 88 17 67