Sommar på Suldal legekontor

Legekontoret har ordinær opningstid både på telefon og i ekspedisjonen i sommar.

Informasjon til innbyggare og besøkande

Me er i gang med ferieavvikling på legekontoret fram til 25. august. 

Me har ordinær opningstid både på telefon og i ekspedisjonen, men det må reknast noko lengre ventetid for enkelte tenester. Ver gild å kontakta legekontoret i god tid i samband med fornying av reseptar. 

Dei som oppheld seg i Suldal, og ikkje har fastlege i kommunen, har krav på helsehjelp i akutte situasjonar. Når det gjeld anna (fastlege)oppgåver, som t.d. taking av blodprøvar og fjerning av sting ber me deg kontakta fastlegen din.

Når du treng hjelp - kven skal du ringe?

Legekontoret - I opningstida: 52 79 23 00

Legevakt - når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente: 116117

Når det er akutt og står om liv: Ring 113

Kontakt legekontoret

Kontakt

Suldal legekontor
Telefon 52 79 23 00

Eidsvegen 3, 4230 Sand