Slik justerer du varsel frå HelsenorgeMottar du tenester frå Suldal kommune og opplever at du får mange varsel frå Helsenorge.no? For somme kan mengda av meldingar opplevast som overveldande. Heldigvis kan du enkelt tilpassa både type og mengde varsel du ønsker å få.Du kan sjølv bestemma varslingaI Helsenorge kan du setje opp korleis og kor ofte du vil motta varsel. Det betyr at du kan redusere talet på meldingar, eller justere måten dei blir sendt til deg på.Slik gjer du detFor å endre varselinnstillingar gjer du følgjande:Opne Meny i Helsenorge.Vel Varselinnstillinger.Vel om du ønskjer varsel på SMS, e‑post, eller begge delar.Vel nivå for varsling:Så få varsler som moglegStandardvarslingSå mange varsler som mogleg Endringane blir lagra med ein gong og gjeld for alle tenester knytt til din Helsenorge‑profil. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Les meirLes meir om varselinnstillingar på Helsenorge sine nettsiderLes meir om Digihelse i Suldal her Publisert 04.03.2026 09.20