Skuleleiarkonferansen

Denne veka har rektorane og avdelingsleiarane på skulane våre delteke på skuleleiarkonferansen. Der blei det sett fokus på korleis skuleleiinga handterer ulike utfordringar som lovverk, teknologi og vald, med eit særleg fokus på framtidas skuleleiarar.

Leiarar innan oppvekst - Klikk for stort bileteRektorar og avdelingsleiarar på skuleleiarkonferansen Suldal kommune

Dei utfordrande områda i skulen

Konferansen sette fokus på korleis skuleleiinga handterer dei utfordrande områda i skulen. Korleis møte ein kultur der det er vanskeleg å sette grenser og stille krav, både til foreldre, elevar og tilsette? Korleis arbeider skulen med aggressive elevar, vald og bekymringsfullt skulefråvær? Kan statsforvaltaren vere ein støttespelar i vanskelege saker som skulen har utfordringar med?

Ein balansekunst

Det blei framheva at skuleleiing er ein balansekunst mellom forventningar frå mange ulike aktørar og lovverk, kombinert med ein kvardag som inneber arbeid med menneske. Difor er det viktig at skuleleiarane kontinuerleg utviklar og kompetansehevar seg for å kunne møte desse utfordringane på ein god måte. Gjennom slik utvikling kan me jobbe for at skulen er ein trygg og god læringsarena for alle.

Me tek med oss mange nyttige refleksjonar i arbeidet vårt ved Suldalsskulen.

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63