Sjå Ryfylkepuls frå Jelsa

Møt Helga og Sveinung på Jelsa. For 10 år sidan vurderte dei om dei skulle flytte til hans eller hennar heimplass. Kva gjorde at dei endte opp på familiegarden på Jelsa? 

Helga og Sveinung trivst på Jelsa! Helga er takksam for å ha fått hjelp til vidareutdanning via Suldal kommune, ho stortrivst i jobben som helsesjukepleiar og synest kommunen er ein god kommune å bu i. Ungane er ikkje i tvil; dei vil også bu på Jelsa når dei blir store!