Sanering av utvalde stolpar og kabelstrekk i Suldal kommune

Linjeproff AS har fått i oppdrag av Telenor Norge AS å gjennomføra sanering av utvalde stolpar og kabelstrekk i Suldal kommune. I hovudsak vil arbeidet foregå langs hovudveg og linjestrekk i områda Bråtveit, Foreneset, Jelsa, Kvilldal, Vanvik og Vasshus.

Telenor sin kobbarkabel skal fjernast

Arbeidet vil foregå ifrå februar og fram til sommeren 2025. Merk at det kun er stolpar og kabelstrekk som er frigitt for sanering som inngår i arbeidet. 

Stolpar med straumførande kablar er eigd av straumselskapet. I desse traseane er det kun Telenors kobbarkabel som skal fjernast. Det same gjeldee stolpar der det er, eller er planlagt montering av fiberkabel. 

Arbeidet med sanering av kobbarnettet vil forgå over fleire år, og er til dels styrt i henhald til vedtak frå NKOM (Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet).

 

Privat utstyr som er montert på stolpane må fjernast

Deler av arbeidet vil foregå på privat grunn. Privat utstyr som antenner/utebelysning etc i stolpar er ikkje tillete. Slikt utstyr må fjernast før arbeidet blir sett i gong. 


Det er ikkje anledning til å overdra stolpane etter sanering. Dette fordi stolpane inneheld miljøgift, og Telenor held seg til krav frå myndegheitene om forsvarleg destruering av stolpane.  


For meir informasjon ta kontakt med Linjeproff AS: