Sand skule følgjer opp funn frå Elevundersøkinga 2025

Måndag 8. desember vart resultata frå den nasjonale Elevundersøkinga 2025 gjort kjent. Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane gir tilbakemelding om trivsel, læringsmiljø og mobbing. Formålet er å sikre kvalitet og tryggleik i skulekvardagen, og oppfølging av resultata er ein del av skulen sitt lovpålagde arbeid med elevmiljøet.

For Sand skule viste tala at 20 % av elevane på 10. trinn har svart at dei opplever mobbing på skulen. Dette er eit funn som skulen ser på med stort alvor. Skulen har rutinar for oppfølging av Elevundersøkinga, og desse blir følgde, men talet gjorde at leiinga i tillegg sette i verk umiddelbare tiltak.

Rektor ved Sand skule - Klikk for stort bileteRektor ved Sand skule, Jorunn Hoås Privat

Tiltak som er gjennomført

  • Same dag som resultata vart kjent, sende skulen ut ei anonym undersøking til alle elevar på 10. trinn for å få meir detaljert informasjon.
  • Elevane fekk tryggleiksgaranti om at svara berre blir lese av avdelingsleiar og rektor.
  • Spørsmåla handla om opplevingar av mobbing frå medelevar og vaksne, og om elevane har ein trygg vaksen å snakke med.

 

Så langt har 47 av 48 elevar svart. Resultata frå denne interne undersøkinga viser lågare tal enn Elevundersøkinga:

  • 2,1 % opplever å bli litt mobba av medelevar.
  • 2,1 % meiner ein lærar vurderer dei for strengt i høve til karakterar.
     

Leiinga stussar over skilnaden mellom desse tala og dei frå Elevundersøkinga, der 11,1 % rapporterte mobbing frå medelevar, 4,5 % digital mobbing og 15,1 % mobbing frå vaksne. Skulen har ikkje per i dag svar på kvifor tala er så ulike, men vil følgje opp med særleg alvor.

Vidare arbeid

  • Skulen vil analysere svara og ha samtalar med elevane for å sikre tryggleik og trivsel.
  • Leiinga vil gå gjennom rutinar og praksis for å styrke arbeidet mot mobbing.
     

Sand skule understrekar at alle elevar har rett til ein trygg og god skulekvardag, og at mobbing aldri skal aksepterast.
 

Kontakt

Profilbilde av Jorunn Hoås
Jorunn Hoås
Leiar
E-post
Telefon 91 57 43 34
Mobil 91 57 43 34