Samefolkets dagI dag heisar me flaget for samefolkets dag. Sjå elevane ved Jelsa oppvekstsenter som heiser flaget her. Prosjektveke om Urfolk i Noreg. Fleire av barnehagane og skulane markerer samane sin nasjonaldag i dag. Jelsa oppvekstsenter avdeling skule - har markert dagen med ei tverrfagleg prosjektveke om Urfolk i Noreg. Målet er å læra meir om samane sin kultur, levesett, historie og tradisjonar.Gjennom prosjektet har elevane blant anna lært om joik og anna samisk musikk. Her er noko av det dei har lært:Nasjonalsongen til samane er ikkje ein joik fordi dei syng med ordNasjonalsongen handlar mykje om naturenEin joik handlar ofte om dyr, natur, venner og familieNår dei joikar bruker dei bakre del av stemmen og masse luft frå magen Sjå bilete og film frå Jelsa oppvekstsenter Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Publisert 06.02.2025 13.40