Raude kinn og vinterglede på Marvik skule!

Året starta med snø, og for elevane på Marvik – ei heilt eiga skeisebane! 

Elevar og snømenn - Klikk for stort bileteMarvik skule Marvik skule

Skeisebane

Etter skuleslutt tysdag 6. januar sørga vaktmeister Reidun for å spyle vatn på isen, men først hadde elevane brukt heile dagen på å koste vekk snøen. For ein innsats og samarbeid! 
Sidan då har det vore vanskeleg å få elevane inn etter friminutt… Når ein kan leike i snøen, skli på magen på isen og lage snøfigurar, kven vil vel inn? 

 

Aketurar

Torsdag 8. januar tok mellomtrinnet turen til akebakken hos lærar Anette. Der vart det fart og moro – og sjølvsagt pølser og pinnebrød på bål! Dei minste har også hatt sine turar og kost seg med aking i kroppsøving.
Smil, latter og raude kinn har prega oppstarten på 2026 på Marvik skule. Glade elevar og glade vaksne! 

Kontakt

Profilbilde av Anne-Kate Ellingsen
Anne-Kate Ellingsen
Leiar
E-post
Telefon 91 19 88 85
Mobil 91 19 88 85