Ordføraren sin februarkalender

Februar er ein kort månad, men det skjer mykje. 

Politiske møter og etikkseminar

Det viktigaste er nok den politiske handsaminga av vilkårsrevisjonen for RSK, og konsesjonssøknaden til Lyse Kraft DA. Desse sakene skal opp både i LMT utvalet og formannskapet i februar, før dei vert endeleg handsama av kommunestyret tidleg i mars. I tillegg til dei politiske møta skal ordføraren mellom anna delta på KS etikkseminar i Stavanger og årsmøtet til Rogaland AP. Det er også representantskaps- og styremøte i Ryfylkerådet, Ryfylke friluftsråd, Ryfylke IT samarbeid og verneområdetstyret til Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

Ordførarens februarkalender
Dato i månaden Hending
6. Styremøte Rogaland AP, Stavanger
11. Møte i LMT-utvalet
12. Formannskapsmøte
13. Møte i KS Etikkutval, Stavanger
17. Ekstraordinært Partnerskapsmøte i Helsefellesskapet i Helse Fonna, digitalt.
18. Representantskapsmøte Ryfylkerådet, Hjelmeland.
18. Styremøte Ryfylke friluftsråd, Stavanger.
19. Styremøte SVR, Sandnes
21. - 23. Årsmøte Rogaland AP, Sandnes
26. Representantskapsmøte RiTS, digitalt.