Oppdatert informasjon om pasienttransport i Suldal, 12. juni 2025

Frå og med 1. juni 2025 har ikkje Helse Fonna lenger avtale med drosjar for pasienttransport i enkelte område – blant anna Suldal kommune. Det betyr at pasientar med rekvisisjon må ordne transport sjølve. 

Kva betyr dette for deg som pasient?

Dersom du har fått rekvisisjon (tilvising) til transport frå lege eller anna behandlar:

  • Du må sjølv bestille drosje
  • Du må betale for turen sjølv, og deretter sende inn krav om å få pengane tilbake (refusjon)
  • Du kan få refusjon dersom reisa er medisinsk nødvendig og du har rekvisisjon, eller det ikkje finst rutegåande transport.

Nytt frå 12. juni 2025:

Pasientar med reise over 15 km med taxi grunna medisinske årsaker kan få faktura frå Haugaland Taxi med 10 dagars forfall. Då slepp du å legge ut pengar sjølv. Send inn søknad med kopi av fakturaen til Pasientreiser digitalt eller per post – behandlingstid er 4–5 dagar (litt lengre ved post).

Slik fungerer det:

  1. Behandlaren din vurderer behovet og rekvirerer reisa i systemet NISSY. 
  2. Du bestiller sjølv transporten - til dømes ved å ringe drosjesentralen. 
  3. Du betaler for turen sjølv og tek vare på kvitteringa – den må leggjast ved når du sender inn reiserekninga
  4. Send inn reiserekninga innan 6 månader etter reisa

Korleis sender du inn krav om refusjon?

  • Digitalt: Gå til helsenorge.no/pasientreiser
  • På papir: Skjema og konvolutt får du hos behandlar eller på behandlingsstaden. Send til Pasientreiser HF, Postboks 2533, 3702 Skien
  • Du treng ikkje legge ved dokumentasjon på at du møtte til timen, så lenge behandlaren din har bestilt reisa på førehand

 

Hugs å legge ved kvittering for betalt transport, eventuelt kopi av faktura. Rekvisisjonen blir automatisk sendt med søknaden og dokumenterer behovet ditt.

Dersom det ikkje går buss eller anna rutegåande transport:

Du kan ha rett på rekvisisjon på trafikalt grunnlag. Ring Pasientreiser på tlf. 05515 for å få vurdert dette.

Samkøyring og spesialløysingar

Pasientreiser i Helse Fonna vil prøve å organisere samkøyring der det er mogleg – til dømes frå ferjekaien eller heimeadressa di. Du vil få beskjed dersom dette gjeld deg.

Treng du hjelp?

Les meir på Helse Fonna sin nettside. 

Ring pasientreiser: 05515

Send e-post: pasientreiser@helse-fonna.no