Offisiell opning av ny brannstasjon på Suldalsosen

Det vart eit svært godt oppmøte då den nye brannstasjonen på Suldalsosen vart offisielt opna 5. februar 2026. 

Ordføraren stod for den høgtidelege opninga og klipte brannslanga – med god hjelp frå Bjørnis og barna som var til stades.

Til stades var òg byggeleinga i kommunen, tilsette frå brannavdelinga, samt representantar frå entreprenørar og prosjekterande firma som har vore med på å realisere prosjektet.

Vi er stolte av å kunne vise fram ein moderne og funksjonell brannstasjon til innbyggjarane våre – eit bygg som er godt eigna når det gjeld det viktige og krevjande arbeidet dei tilsette i brannavdelinga i Suldal kommune gjer.