Nyttårshelsing frå ordføraren

Gode sambygdingar. I året me legg bak oss, markerte me 50-års jubileet for konsesjonen for Ulla Førre anlegga. Eller markerte er vel kanskje å ta hardt i, for med unntak av eit flott arrangement på Osen i regi av Statkraft, gjekk nok dette jubileet dei fleste suldøler hus forbi. Det er synd, få andre hendingar har vore meir definerande for kommunen vår i moderne tid. Og alle dei som jobba på anlegget hadde fortent ei større takk og merksemd enn dei fekk i jubileumsåret.

For Ulla-Førre anlegga var ikkje berre stor ingeniørkunst og ei kraftutbygging av stor nasjonal betydning – det markerte også eit før og eit etter i Suldal kommune. Frå ein ganske gjennomsnittleg landbrukskommune truga av både fråflytting, fallande produktivitet og ein krevjande kommuneøkonomi, til ein kommune i vekst, målt i både folketal, næringsutvikling og, etter kvart, kommuneøkonomi.


Utbygginga kom likevel ikkje utan betydeleg uro og bekymringar. For naturen som vart bygd ned og lagt under vatn, for ein krevjande anleggsperiode, og for at det heile berre skulle bli eit blaff av aktivitet som berre skulle lata at forlatne anleggsbrakker, tomme bustader, øydelagt natur – og ein straum som kom heilt andre til gode. Dessutan kom ikkje dei potensielle gevinstane utan ein kostnad – det kosta pengar å leggja til rette for nye innbyggjarar ein ikkje viste om kom til å bli varande – nye skular, bustader, sjukeheim og helsetun. Pengar Suldal kommune ikkje nødvendigvis hadde, og som kom i tillegg til eit betydeleg etterslep og uløyste oppgåver slik det var. Skulle ein våga og satsa, eller var kommunen i ferd med å byggja eit luftslott?

I ein reportasje på NRK midtvegs i anleggsperioden kom dåverande teknisk sjef, og seinare rådmann Nils Korsvoll med nokre kloke ord om valet kommunepolitikarane no stod overfor. Ord som skulle stå seg godt i framtida:

«Generelt sett er vel kommunepolitikarane noko tilbakehaldne. Eg synest personleg at dei ikkje har grunn til dette, for jo sterkare tilflytting og fleire folk me har her, jo fleire gode og aktiva vi kan stabla på beina under anleggsperioden, desto større sjansar har vi for å klare den krisa vi alle veit kjem. Er vi pessimistar er vi dømt til å mislykkast – er vi optimistar har vi ein fair sjanse til å klare dette!».

Heldigvis var det fleire optimistar enn pessimistar i Suldal, og resten er, som de veit, historie.

50 år seinare er mykje ulikt, men ei utfordring treff oss på nytt med full kraft slik det gjorde på byrjinga av 1970 talet. Me blir færre folk i arbeidsfør alder. Då skuldast det fråflytting og sentralisering – no er det vel så mykje ein effekt av ein demografisk utvikling som skjer i heile landet. Ei tilflytting og ein vekst av dei dimensjonane me såg under anleggstida på Ulla Førre, er ikkje realistiske sjølv om me også no står føre fleire store kraftutbyggingar og industrietableringar.

Men no, som då, er arbeid, verdiskaping og aktivitet løysinga for å vidareutvikla kommunen vår. Anten det handlar om å møta eldrebølgja, handtera ein meir pressa kommuneøkonomi, eller møta utfordringa med mangel på arbeidskraft.

La difor dette jubileet vera ei påminning og ein inspirasjon i møte med vår tids utfordringar – ei påminning om kva me kan få til om me vil og tør – og betydninga av modige og framsynte politikarar, byråkratar og innbyggjarar. Og den krafta, kompetansen og ståpåviljen som finst blant arbeidsfolk i kommunen vår.


I førre utgåve av «Gamalt frå Suldal» skriv Roy Høibo at han ofte har undra seg over at det har vore så lite interesse for å ta vare på krafthistoria vår, og kanskje er det slik at me blir litt «heimeblinde» på vår eiga forteljing. Så her kjem ei lita oppfordring på tampen av året: Du kjenner heilt sikkert nokon som jobba på anlegget, truleg fleire enn du veit; be dei fortelja litt om korleis det var å jobba på Ulla Førre-utbygginga og kva dei opplevde! Om livet i brakkene, på storkjøkkenet, på demningane og i tunnelane. Slik held me liv i ein viktig del av forteljinga om Suldal og vår eigen identitet og historie. Og så får me prøva å skipa ein meir høveleg markering om nokre år når me skriv 50 år for sluttføringa av anlegget.

Godt nyttår til alle!