Nytt kommunalsjefområde: helse og oppvekst

Frå 1. januar blir dei tidlegare kommunalsjefområda oppvekst og helse og velferd samla i eitt nytt kommunalsjefområde: helse og oppvekst. Denne veka møttest kommunalsjef, rådgjevarar, konsulent og barne- og ungdomsrettleiar for første gong i den nye samansetninga.

Den nye staben består av : Kommunalsjef Svein Carlos Gjil, rådgjevar Elin Mikkelsen Bakka, rådgjevar Tore Bastlien Dahl, konsulent Lisebeth Gjøse og barne- og ungdomsrettleiar Magnus Skjefstad.

Møtet var ei første samling for å bli kjende, dela tankar og starta planlegginga av arbeidet vidare.

 

Kvifor samla helse og oppvekst?

Bakgrunnen for omorganiseringa er ønskje om å jobba meir heilskapleg rundt barn, unge og familiar. I møtet blei det peikt på at helse og oppvekst heng tett saman i praksis, sjølv om tenestene tradisjonelt har vore organiserte kvar for seg. For innbyggjarane er ikkje dette to område. Det er éin kvardag.

Eg ønskjer at me skal få til tverrfaglegheit i praksis. Me ser dei same barna og familiane frå ulike vinklar, og då gir det meining å sitja tettare på kvarandre. Med dette arbeidet håpar eg at me kan få til ein enda betre flyt på tvers, seier kommunalsjef Svein Carlos Gjil.

 

Tilsette i stab helse og oppvekst - Klikk for stort bileteStab helse og oppvekst Suldal kommune

Første møte – forventningar og retning

Ein viktig del av møtet handla om forventningar, roller og korleis ein ønskjer at det nye kommunalsjefområdet skal fungera i praksis. Det blei lagt vekt på at dette er ein startfase, der det er rom for å utforska både arbeidsform og samarbeid.
Me er eit bredt område frå 0-100 år, og eit område som er svært inngripande i dagleglivet til folk. Me har mykje å henta på å jobba saman, seier rådgjevar Tore Bastlien Dahl.

Me skal jobba med folkehelse, og eit aldersvenleg Suldal. I eit aldersvenleg samfunn ønskjer me også å skapa gode møte på tvers av generasjonar. Det at me jobbar oss saman no, kan også hjelpe oss å betre få til dette, seier rådgjevar Elin Mikkelsen Bakka.


Barn og unge som felles utgangspunkt

I møtet var det brei semje om at barn og unge skal vera eit gjennomgåande perspektiv i arbeidet vidare. Det blei peikt på behovet for å tenkja førebygging, tidleg innsats og samhandling – ikkje berre i ord, men i kvardagspraksis.

Eg jobbar på tvers i dag, og prøver å få dei ulike tenestene til å snakka i lag. Eg trur det kan ha ein effekt å berre vita at me er under same leiar, og ein del av same gruppe. Berre det kan gjera det enklare for tenestene å ta kontakt med kvarandre, seier barne- og ungdomsrettleiar Magnus Skjefstad.


Vegen vidare

Dette første møtet er starten på eit vidare arbeid med å utvikla det nye kommunalsjefområdet. Framover vil det bli jobba vidare med avklaringar, samarbeid og felles prioriteringar.
Målet er å byggja eit område som er tydeleg, samordna og prega av open dialog – til beste for både tilsette og innbyggjarar.
Me skal no samla leiargruppene til ei leiargruppe. Eg har tru på at me skal ha gode møte saman der me jobbar med leiing og leiing på tvers, seier kommunalsjef Svein Carlos Gjil.  

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Kommunalsjef oppvekst
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63