Ny sommarepisode av Kraftlaget er ute!

Treng du noko lett, nært og ekte i øyra mens du nyt sola? I denne episoden av Kraftlaget tar Bente og Elisabeth deg med på ein sommarspesial som består av latter, refleksjonar og sommardrøymar! Dette er episoden du kan ta med deg i bilen, i hengekøya – eller på tur i fjell og fjord.

Me har snakka med seks unike stemmer frå organisasjonen vår:

Sumarvibbar, sommarfesten for lærlingar og sommervikarar, snakka me med:

  • Dawud Ibrahim, lærling i Sand barnehage
  • Oda Sandvik Hoftun, sjukepleiarstudent og sommervikar ved Suldal sjukeheim

Dei deler ærleg og varmt om korleis det er å jobba i kommunen – og gir oss knakande gode råd til korleis me tek vare på sommarfolka våre!

 

kommunehuset traff me:

  • Turid Vaage, som ser fram til lange dagar i hengekøya
  • Anita Kristensen, som skal trille gjennom Europa i bobil
  • Nina Østebø, som skal trylla fram sommarmat med nye smakar
  • Svein Carlos Gjil, som både skal paraglide (!) og reflekterer om arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen

 

Dette er episoden som gir deg eit glimt av kvardagen – og sommaren – i Suldal kommune, slik den kjennest frå innsida.

Trykk play – og ta oss med deg ut i sommaren!