Ny episode av Kraftlaget podcast er ute - bli med til Gullingen leirskuleOg ja – det blir både latter, klump i halsen, og… Gullingen Raggy i monitor!I denne episoden av Kraftlaget møter me Jan-Erik Kristensen og Kjersti Moe frå Gullingen leirskule – to eldsjeler som har gjort fjell, telt og bål til klasserom.Me snakkar om:Oppgåver dei gjerne ville sluntra unna som elevar (du kan bli overraska!)Verdien av å vere ute i fellesskapKva råd dei har til dagens foreldregenerasjonOg ikkje minst: ei rørande lita musikalsk helsing du garantert aldri har høyrt før Ekte møte utan skjerm, med bål og fellesskapDette er ein episode som minner oss på kvifor ekte møte – utan skjerm, med bål og fellesskap – framleis er noko av det viktigaste vi kan gi ungane våre. Trykk playTrykk play der du lyttar til podkast, eller følg lenka under – og bli med oss til fjells!Lytt til episoden på Spotify her. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Publisert 07.05.2025 21.48