Ny einingsleiar ved Suldal sjukeheim - Suldal kommune heimeside

Ny einingsleiar ved Suldal sjukeheim

Suldal kommune har tilsett Elida Lillehammer Bakka som ny einingsleiar ved Suldal sjukeheim. Ho startar i stillinga 10. april. Elida har det siste året vore vikarierande kreftkoordinator i kommunen, og kjenner organisasjonen, fagmiljøet og sjukeheimen frå før.

Elida Lillehammer Bakka - Klikk for stort bileteKreftkoordinator Suldal kommune

Fagleg bakgrunn og brei erfaring

Elida er sjukepleiar med master i helsevitenskap, med spesialisering i kreftsjukepleie, og har sidan 2025 jobba som kreftkoordinator i Suldal. Før ho kom hit, arbeidde ho fleire år ved Oslo universitetssjukehus i eit stort og spesialisert fagmiljø.

Ho flytta heim til Suldal etter mange år borte, og opplev no at ho har fått eit nytt og utvida blikk på kommunen.
– Eg har alltid hatt eit ønskje om å flytta tilbake. Sjølv om eg budde borte i mange år, har eg alltid hatt ein fot i bygdelivet. Å jobba i kommunen gir meg høve til å ta med erfaring frå eit stort sjukehusmiljø, men bruka det i ein mindre skala der ein kjem nærare både pasientar og kollegaer, seier Elida.


Viktig å spela andre gode

Elida fortel at det var fleire som oppmoda ho til å søka stillinga.
– Folk som kjenner meg både privat og fagleg meinte dette kunne vera ei rolle eg ville trivast i. Eg har aldri hatt eit sterkt behov for å bli leiar for leiinga si skuld, men eg er motivert av å sjå andre lykkast, og av å skapa gode tenester. Eg ønskjer at folk skal kjenna meistring, og at pasientane får den omsorga og faglege kvaliteten dei treng.

Det siste året som kreftkoordinator og tett samarbeid med sjukeheimen har gitt Elida eit innblikk i eininga ho no skal leie.
– Eg gler meg til å bli kjent med alle. Eg er vane med å jobba i team, både små og store, og meiner det er viktig at me spelar kvarandre gode. Eg har tru på å dela kunnskap og erfaringar – lagkjensla er viktig, elles kan ein fort kjenna seg åleine.


 

Kommunalsjef oppvekst - Klikk for stort bilete Omega 365 design

Kommunalsjefen: – Rett person til oppdraget

Kommunalsjef for helse og omsorg, Svein Carlos, er svært nøgd med tilsetjinga:
– Me er veldig fornøgde med å ha fått på plass ein god einingsleiar etter ein solid prosess med fleire sterke kandidatar. Elida har dei kvalitetane me treng i den vidare utviklinga av sjukeheimen.

Han peikar på at sjukeheimen står framfor spennande utviklingsarbeid.
– Me har eit godt utgangspunkt, men det krev tydeleg leiing og eit godt samarbeid med dei tilsette. Eg er trygg på at me no har fått rett person til å leie dette arbeidet vidare.


Klar for oppstart 10. april

Elida ser fram til å ta fatt på rolla:
– Eg er motivert, spent og klar. Dette er ei viktig eining, og eg håpar å bidra med både fagleg bakgrunn, erfaring og eit positivt leiarblikk.

Samtidig er Viktoria Egeli tilbake i stillinga som kreftkoordinator frå måndag.
Kommunen vil òg rette ein stor takk til Grethe Jæger Anglevik, som har vore konstituert som einingsleiar i mellomperioden.
 

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63