Du kan søkje om ledsagarbevis om du har nedsett funksjonsevne og er avhengig av å ha med deg følgjeperson/ledsagar for å kunne delta i samfunnet på lik linje med andre. Du vel sjølv kven du vil nytte som følgje frå gong til gong, dette kan til dømes vera ein ven, eit familiemedlem eller fritidskontakt.
Funksjonsnedsettinga må vera av varig karakter. Du må visa at du grunna funksjonsnedsettinga er avhengig av å ha med følgje for å kunne delta på arrangement eller reise. Du må legga ved legeattest og passfoto til søknaden.