No skjer det snart ting i Sand sentrum
No som byggjeløyvet er på plass, kan utførande entreprenør BG Suldal AS starta arbeidet med Sentrum II og III i Sand sentrum.
Me veit at ein anleggsperiode kan føra med seg støy, omkøyringar og litt meir styr i kvardagen. Takk for tålmodet! Alt arbeidet som no kjem i gang, er med på å gjera sentrum tryggare, meir tilgjengeleg og trivelegare for alle som ferdast der.
Kva skal skje?
Arbeidet startar med gravearbeid utanfor Suldal Hotell. Her skal det lagast ei grøft over fylkesvegen – frå ferjefila og over til gangvegen.
Ferjefila og midtrabatten ut mot fylkesvegen blir òg fjerna tidleg i arbeidet.
Det blir vidare gravearbeid i gangvegen, ferjefila og i delar av fylkesvegen frå krysset i gata og opp til innkøyringa til Nedre Dalane.
Det blir lagt til rette for naudsynt omkøyring og trygge alternative gangvegar medan arbeidet pågår.
Dette kan me gleda oss til
Arbeidet skal etter planen vera ferdig innan torsdag 9. juli. Når alt står klart, får Sand sentrum fleire viktige forbetringar:
- Eit grønt og trivelegare sentrum
Nye plantefelt, grøntområde og små rabattar skal skapa eit meir levande og innbydande miljø langs gata. - Nytt og oppgradert fortau
Breiare, tryggare og universelt utforma fortau gjer det lettare å ferdast – både for små føter, rullestolar, rullatorar og alle andre som går eller syklar. - Ryddigare trafikk og betre flyt
Nye kantsteinløysingar, justerte felt og betre avrenning gir eit tryggare og meir oversiktleg trafikkbilete. - Gater som fungerer i all slags vêr
Tverrfall, høgder og betre tilpassing mot eksisterande veg gjer at vatn renn betre unna, slik at området held seg betre over tid.
Publisert 26.03.2026 13.29