No kan du melda deg på norskprøve (A1-B2)
Introsenteret i Suldal arrangerer norskprøve for deg som er på norskkurs og andre som vil visa kor godt dei kan norsk. Prøven går frå nybegynnarnivå (A1) til avansert nivå (B2).
Prøven i norsk består av fire delprøvar. Delprøvane målar kor god du er til å snakka og skriva norsk, og kor godt du forstår skriftleg og munnleg norsk.
Påmelding Norskprøve A1-B2:
- Påmeldinga opnar kl. 9 måndag 17. august.
- Gjennomføringsperiode for norskprøve er 21. - 25. september.
- Send sms til 91 61 88 59, eller e-post til lena.bratveit@suldal.kommune.no med namnet ditt og kva målførm du ønsker prøven på.
Her kan du melda deg på norskprøva
Spørsmål:
Her finn du meir informasjon
Du kan også kontakta Introsenteret i Suldal for meir informasjon.
Publisert 10.08.2026 08.00