Bakgrunn for undersøkinga
Handlingsprogrammet følgjer opp måla og strategiane som er satt i kommuneplanen. I handlingsprogrammet ligg det inne at det no skal gjennomførast innbyggarundersøking. Førre undersøking vart gjennomført i 2020.
Digital gjennomføring
Undersøkinga startar fredag 21.februar og vil vere tilgjengeleg i to veker.
Undersøkinga er utvikla av KF og følgjer nasjonal standard for innbyggarundersøkingar. Gjennomføringa er digital, og ligg på portalen www.bedrekommune.no.
Alle innbyggarar over 18 år vil i sin digitale postkasse få invitasjon med innlogging og eingongspassord til undersøkinga. Me ønskjer å sjå på svara fordelt på skulekretsane i kommunen, for å sjå om det er ulike erfaringar med våre tenester på ulike stader.
Frivillig og anonymt
Deltakinga i undersøkinga er frivillig, og svara dine er anonyme
Svara du som innbyggar gir kan ikkje sporast tilbake til deg. Dersom det blir få svar frå krinsen din vil det for å ivareta anonymitet ikkje vere mogleg å hente ut rapport frå denne krinsen.
Me håpar du ved å svara på undersøkinga kan hjelpa oss med å kartlegga kvalitet og omdømme av kommunale tenester, bumiljø og tilbod slik at me kan fortsetta å utvikla og forbetra tenestane våre.
For å vidare motivera til å svara, vil me blant dei som svarar trekka 3 tilfeldige vinnarar av gåvekort.
Resultat
Funna i undersøkinga vert lagt fram for politikarane og publisert på kommunen si heimeside.
Funna vil sei oss noko om kva me som kommune gjer bra, og kva me skal vektleggja i vidare arbeid.
Di meining er viktig – takk for at du svarar!