Marvik skule feirar mini-17. mai
Marvik skule
Tale med stil
Elevane gjekk i tog frå skulen til kyrkja og tilbake, i fin vårsol. I rektors fråvær tok Siren Vatland og Thomas Veen-Fjetland frå 7. klasse på seg det ærefulle oppdraget å halda tale for dagen – og det gjorde dei med stil!
Etterpå vart det tradisjonelle leikar, song og mykje latter på skuleplassen. Dagen vart runda av med pølselunsj og is – akkurat slik det skal vera!
Tusen takk til alle elevar og lærarar som bidrog til å skapa ei minnerik stund for store og små.
Me ønskjer alle ei flott og høgtideleg 17. mai-feiring i morgon! Hipp hipp, hurra!