Etter at Helse Fonna frå 1. juni 2025 avslutta avtalen med drosjar i Suldal, har pasientar med rekvisisjon måtte ordne transport sjølve og legge ut for kostnaden før dei kan søke om refusjon. For mange er dette både praktisk og økonomisk krevjande.
– Me ønskjer å kunne tilby ei midlertidig løysing for å avhjelpe i ein vanskeleg situasjon, og for å sikre at alle får tilgang til nødvendig helsehjelp, seier kommunedirektør Siri Halvorsen.
Hilde Nora Våge
Suldal kommune
Frivillige sjåførar hjelper pasientar
Den midlertidige ordninga gjeld fram til 1.juni 2026 då ny avtale er på plass. Ordninga er retta mot pasientar som:
- ikkje kan køyre sjølv,
- ikkje har pårørande som kan hjelpe,
- og ikkje har økonomisk høve til å legge ut for transportkostnaden.
Frivillige sjåførar frå Suldal frivilligsentral stiller opp og køyrer pasientar til behandling, til Haugesund eller Stavanger, med kommunal bil.
Slik fungerer ordninga:
- Avtalen gjeld planlagde legetimar i Haugesund og Stavanger, og må avtalast med Suldal frivilligsentral på førehand – minst tre virkedagar før besøket. Telefon: 977 55 302.
- Pasientar blir henta heime eller ved Suldal legekontor.
- Transport skjer med kommunal bil, og frivillige sjåførar og pasient er forsikra gjennom kommunen under transporten.
- Tilbodet gjeld 1–2 personar om gongen, og er for dei som ikkje har andre alternativ.
– Dette er ikkje ei kommunal oppgåve, men me ser at behovet for hjelp aukar. Det er viktig at me som lokalsamfunn stiller opp for kvarandre. Denne ordninga er eit godt døme på korleis frivilligheita og kommunen kan samarbeide for å løyse utfordringar, seier Halvorsen.
Vil du vere frivillig i Suldal?
Me oppmodar no innbyggjarane til å melde seg som frivillige sjåførar. Behovet er aukande, og frivillige kan gjere ein viktig forskjell for medmenneske i ein sårbar situasjon.
– Me håpar fleire vil bidra. Det er ei meiningsfull oppgåve, seier Hilde Nora Våge, fagleiar ved Suldal frivilligsentral.
Kontaktinformasjon
For å få hjelp eller melde deg som frivillig: