Suldal kommune har i kommunestyremøte 29.10.2026, sak 77/2026, gjort følgjande vedtak: Suldal kommune godkjenner i medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova planframlegg for kaiområde og industriområde ved Berakvam, PlanID 2021-01, sist revidert 14.10 2024.
Føremålet med planen er å legga til rette for bygging av kaiar og etablering av eit nytt industriområde på utfylt sjøareal og nedsprengt terreng like sør for dagens industriområde. Saksdokumenta finn du arealplaner.no via lenk; arealplaner.no | 202101 > Plandokumenter
Vedtak gjort av kommunen kan påklagast til Statsforvaltaren, jfr. pbl § 1-9 og forvaltningslova kap VI. Klagefristen er 3 veker rekna frå mottak av melding.
Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Dersom du ønskjer å klage, sender du ei skriftleg klage til Suldal kommune, postmottak@suldal.kommune.no eller Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand. Den skal vere underskriven, vise til det vedtaket som klagen gjeld, den eller dei endringar som er ønskjelege, og dei grunnane du vil byggje klagen på. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for kommunen om du har klaga i rett tid, må du også gi opp når denne meldinga kom fram.
Forvaltningslova §§ 29-32 inneheld m.a. reglar om høve til å få utvide klagefristen og om rett til å klage på vedtaket i dei tilfelle klagefristen er gått ut. 4230 SAND | Besøksadresse: Eidsvegen 7 Telefon: 52792200 | Org.nr.: | postmottak@suldal.kommune.no | www.suldal.kommune.no
Søksmål vedkomande gyldig vedtak eller krav om erstatning kan ikkje reisast før retten til å klage er nytta og klagen er avgjort i høgaste klageinstans, jfr. Forvaltningslova § 27b Krav om innløysing eller erstatning som følgje av at reguleringa fører til at eigedomen blir øydelagd som byggjetomt på grunn av endra byggjegrense eller anna særleg grunn, skal sendast til Suldal kommune. Erstatningskrav som følgje av verdiforringing knytt til privat regulering, skal sendast til privat utbyggar. Sjå plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.
Med helsing
Ole Martin Dahle, Rådgjevar
Dagfinn Svadberg Hatløy, Einingsleiar