Markering av friluftslivets år - opning av ny turtrasè til HellandsnutenMe inviterer til ei aktiv og sosial markering av Friluftslivets år – med opning av den renoverte turtraseen til Hellandsnuten og turområdet Eide.Torsdag 30. oktober kl. 13.00–16.00Eide ved Joagarden barnehageParkering ved Sand skule – ikkje på Eide Program for dagenFrå kl. 13.00:Testing av ny løypeNaturløype på Eide med Suldal O-lag – for heile familienUtdeling av nye turkart for SandBollar, frukt, saft og kaffi til alle Kl. 16.00:Offisiell opning av ny trase til Hellandsnuten Ta med deg gode sko og godt humør – og bli med på ein fin dag ute i naturen! Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Om prosjektet HellandsnutenDei siste åra har Suldal kommune satsa på vedlikehald og tilrettelegging av turområdet Hellandsnuten.Med hjelp frå sherpaer frå Nepal og Stibyggjaren AS er det laga 6 flotte trasear som gjer toppturen til Hellandsnuten endå meir tilgjengeleg. Samarbeid og støtteTakk til grunneigarar, arbeidsgruppa «Langs Lågen», Næringshagen i Ryfylke og støttespelarar som Sparebankstiftelsen SR Bank og Sparebanken Norge. Publisert 21.10.2025 13.24