KRAFTLAGET i Suldal - jobb i Suldalsbarnehagen

Er du på utkikk etter ein jobb der du er tett på borna, kolleger og lokalsamfunnet? Då er barnehagane i Suldal plassen for deg!

I Suldal har me eit mål om at alle born og unge kvar dag skal oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring - og me vil ha deg med på laget!

Du blir ein ressurs som tilfører både arbeidsplassen og lokalsamfunnet mykje. I fleire av Suldalsbarnehagane er forholda små, noko som gjer at ein ser effekten av arbeidet sitt raskt. Her blir du godt kjend med alle borna, føresette, kolleger og tverrfaglege instansar. 

Me er på leit etter deg med barnehagelærarutdanning, eller deg med kvalifikasjonar som barne-og ungdomsarbeidar, eller anna relevant erfaring. 

Barn med bok - Klikk for stort bileteBarnehagebarn Elisabeth Bjørkhaug

Kva moglegheiter finst i Kraftlaget?

  • Her får du betalt lunsjpause - og jobbar dermed 100 timar mindre i året enn mange andre
  • Ekstra lønstillegg for pedagogar
  • Gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
  • Eit godt sosialt felleskap, blant anna gjennom velferdsutvalet sine arrangement, kom-i-form-konkurranse eller sponsa medlemskap i lag og organisasjonar
  • Tilgang til bedriftshelsetenesete
  • Aktiv bruk av arbeidsplassvurderingar og sjukefråvæsoppfølging

 

Barn på Sykkel - Klikk for stort bileteBarnehagebarn Elisabeth Bjørkhaug

Bu i Suldal

Fleire ledige stillingar i Suldal kommune

Kontakt

Profilbilde av Svein Carlos Nilsen Gjil
Svein Carlos Nilsen Gjil
Ass.rådmann/komm.sjef
E-post
Telefon 99 07 88 63
Mobil 99 07 88 63