Korleis bør buss- og båttilbodet i Ryfylke vera i framtida? No kan du sei meninga di! - Suldal kommune heimeside

Korleis bør buss- og båttilbodet i Ryfylke vera i framtida? No kan du sei meninga di!

Kolumbus og Rogaland fylkeskommune er midt i arbeidet med å planlegge eit nytt kollektivtilbod i Ryfylke frå 2030 – men for å lukkast treng dei at fleire innbyggarar svarer på ein reisevaneundersøking som no er sendt ut.

Undersøkinga tar cirka 10-12 minutt, og vil vera med å danna grunnlaget for ny rutestrategi for hurtigbåt, ferje og buss i og rundt Ryfylkebassenget. Undersøkinga ligg open til 19.04.2026.