Klimafotavtrykket til Suldal kommune som verksemd

I samband med arbeidet med Suldal kommune sin nye temaplan for klima, naturmangfald og energi, kjem me te å publisera ein serie nettartiklar som tar føre seg viktige tema i planen. Dette er den første artikkelen i serien. Samstundes vil det bli mogleg for alle å senda inn innspel til temaet eller til heile planarbeidet. Nedst på denne sida kan du senda inn dine innspel. 

Klimafotavtrykket er analysert

Som eit av dei første stega i planarbeidet, har me innhenta ei analyse av klimafotavtrykket til Suldal kommune si verksemd. Det er naturleg at ein kommunal klimaplan set ekstra fokus på klimagassutslepp i eiga verksemd. Desse utsleppa har kommunen større makt til å påverka enn utslepp som kjem frå privat næring og hushaldningar. Det er også eit godt prinsipp å “feia for eiga dør”.

Asplan Viak har sett opp ein klimarekneskap for kommunen si eiga verksemd for 2024. I denne rekneskapen inngår alle klimagassutsleppa som Suldal kommune sine investeringar og drift fører til, uavhengig om sjølve utsleppet skjer i Suldal eller ein heilt anna stad på kloden. Analysen byggjer på økonomiske data (KOSTRA) og noko fysiske data. Data for kommunen sine innkjøp, investeringar, byggeprosjekt, reiser, straumbruk og mykje anna er blitt rekna om til kilo og tonn CO2-utslepp. Dette kallast eit klimafotavtrykk. Under følgjer eit samandrag av resultata, men heile rapporten er sjølvsagt tilgjengeleg dersom du er interessert i å lesa meir. 

Her kan du lesa rapporten (PDF, 2 MB)

Totalt klimafotavtrykk for verksemda

Suldal kommune hadde som følgje av eiga verksemd i 2024 eit totalt klimafotavtrykk på 8579 tonn CO2e*. Dette utgjorde 2206 kg CO2e per innbyggjar i drift av kommunale tenester og investeringar (Figur 1). Her ligg Suldal langt over landsgjennomsnittet (815 kg CO2e per innbyggjar) og snittet for Rogaland fylke (796 kg CO2e per innbyggjar).

Figur 1: Søylediagrammet viser det årlege klimafotavtrykk per innbyggjar (målt i kg CO2-ekvivalentar) i ulike kategoriar for verksemda til Suldal kommune, gjennomsnittskommunen i Rogaland og gjennomsnittskommunen nasjonalt i 2024. Kjelde: Rapport frå Asplan Viak, Klimakost Suldal kommune, 2025.

Bygg og infrastruktur skil seg klart ut som hovudkategorien med høgast utsleppsbidrag og klimafotavtrykk i kommunen i 2024, med heile 5242 tonn CO2e. Deretter kjem energi med 1 165 tonn CO2e og forbruksvarer med 1006 tonn CO2e. Om me fordeler utslepp på tenesteområde, er det helse & sosial som har høgast klimafotavtrykk. Barnehage er tenesteområdet med lågast klimafotavtrykk i 2024 (Tabell 1).

Tabell 1: Tabellen viser det årlege klimafotavtrykket (målt i tonn CO2-ekvivalentar) for 2024 fordelt over ulike hovudgrupper og tenesteområde i Suldal kommune si verksemd.

 

Klimafotavtrykk for drift

I kommuneøkonomi skil me ofte mellom investeringar og drift. Viss me ser på berre drift, blir energi den kategorien med høgast utslepp i 2024. I Suldal kommune er all energibruken straum. Utsleppet frå straumbruk er berekna til 1165 tonn CO2e. Tenesteområdet kultur & idrett har den høgaste straumbruken, noko som utgjer 282 tonn CO2e. Grunnskulen har høgast samla utslepp til drift dersom me legg saman straumbruk, transport og innkjøp dette året. Dette utgjer 625 tonn CO2e. Kultur & idrett og pleie & omsorg ligg like bak, med 534 og 496 tonn CO2e. Sjå Tabell 3 på side 12 i rapporten for full oversikt.

 

*CO2 – ekvivalentar (CO2e)– Ei mengd klimagassar som tilsvarer ei gitt mengd CO2. CO2 er den mest kjende og omtala klimagassen, men det finst også andre klimagassar, slik som metan (CH4) og lystgass (N2O). For å forenkla blir dei andre gassane ofte rekna om til CO2-ekvivalentar.  

Årsaker til resultata 

Suldal kommune har eit svært høgt klimafotavtrykk per innbyggjar samanlikna med gjennomsnittskommunen i Noreg og Rogaland. Kvifor kjem me så dårleg ut?  

  • Suldal kommune har ei lita befolkning spreidd på fleire grender, der dei fleste har barnehage- og skuletilbod i eiga grend. Dette gir kommunen fleire bygg å drifta og vedlikehalda.

 

  • Suldal kommune driftar i stor grad dei kommunale tenestene sjølv, samanlikna med ein del andre kommunar som i større grad brukar private aktørar, til dømes i barnehagesektoren. Det gir oss ansvar for fleire kommunale bygg og høgare innkjøp/forbruk.

 

  • Suldal kommune har eit godt tilbod innan idrett og kultur i form av kulturhuset, Suldal bad, Suldalshallen, sandvolleyhallen m.m. Når klimafotavtrykket til desse store, energikrevjande bygga skal fordelast på ei lita befolkning, blir det relativt mykje per innbyggjar.

 

  • Større investeringar slår kraftig ut på klimafotavtrykket i ein liten kommune. Bygginga av nye Suldal sjukeheim er hovudårsaka til at analysen viser så store utslepp i kategorien bygg og i tenesteområdet helse & sosial i 2024. Metoden til Asplan Viak fordeler nemleg ikkje utsleppa på heile levetida til bygget. Dermed skyt utsleppa i veret under byggeperioden.

 

  • Suldal kommune er ein rik kraftkommune. Asplan Viak skriv at det hos norske kommunar er funne klare samanhengar mellom romsleg kommuneøkonomi og høgt klimafotavtrykk. Kanskje tar me oss råd til litt meir enn det kommunar med trong økonomi kan gjera? I så fall gir dette høgare forbruk og dermed høgare klimafotavtrykk.

Korleis kan Suldal kommune redusera eige klimafotavtrykk? 

Du kan senda inn dine innspel til korleis me kan redusera klimaavtrykket via digitalt skjema.

Gå vidare til skjema for innspel