Me er to studentar som denne sommaren jobbar med eit prosjekt i Sauda kommune innan barnevernstenesta. Målet er å finne gode måtar å rekruttere og behalde fosterheimar, støtteheimar og støttekontaktar, slik at fleire barn og unge kan få den støtta og omsorga dei treng i sin heimkommune.
Sjølv om prosjektet blir gjennomført i Sauda, ønskjer me også innspel frå innbyggjarane i Suldal. Erfaringane og svara dykkar er svært verdifulle, og kan bidra til utvikling av gode løysingar som også kan kome Suldal til gode. Me håpar derfor at så mange som mogleg vil setje av nokre minutt til å svare.
Har du eigne erfaringar, tankar eller forslag utover undersøkinga, set me stor pris på om du tek kontakt med oss på e-post.
signe.fosstveit@sauda.kommune.no
silja.halland@sauda.kommune.no