Inspirasjonsmøte om tilleggsnæringar i landbruketSuldal Bondelag, Bygdeutvikling i Indre Ryfylke, Statsforvaltaren og Suldal kommune inviterer til eit inspirasjonsmøte om tilleggsnæringar i landbruket. Målet er å løfta fram gode døme på korleis bønder og grunneigarar i regionen har utvikla nye næringar, og å gje inspirasjon til vidare utvikling og nyskaping i landbruket. Tid: Onsdag 18. mars kl. 19.30–22.00Stad: Kulturhuset i Suldal Arrangementet samlar fleire lokale aktørar som deler sine erfaringar, historier og råd om korleis ein kan nytta garden som ressurs på nye måtar. Programmet gir eit breitt innblikk i ulike typar tilleggsnæringar, frå reiseliv og formidling til juletreproduksjon og mangfaldig gardsdrift.ProgramTveita Adventure – Gunvor Tveita «Slik blei Tornerosedomen til»Gunvor Tveita fortel om utviklinga av Tornerosedomen og korleis ei god idé kan bli til ei berekraftig tilleggsnæring.Anita Øvregård, Imsland «Bonde på heiltid, og eit livsverk med mangesysleri»Anita Øvregård deler innsikt i korleis ho har bygd opp ei gardsdrift med fleire bein å stå på.Myhre juletregård / Norsk Juletreservice – Lena Nergård «Juletreproduksjon – ei næring med moglegheiter»Lena Nergård gir eit innblikk i juletreproduksjon som næring, med moglegheiter både lokalt og nasjonalt.Bjørn Moe, tidlegare eigar og drivar av Mo Laksegard, no med satsing på Jelsa hotell «Historia om Mo Laksegard – med garden som ressurs»Bjørn Moe ser tilbake på utviklinga av Mo Laksegard og korleis garden har vore ein nøkkelressurs i reiselivssatsinga.Truls Eric Johan Engstrøm – ny eigar og drivar av Mo Laksegard «Tankar og refleksjonar om reiselivet i Suldal og framtida til Mo Laksegard»Den nye eigaren deler sine perspektiv på reiselivet i Suldal og vidare planar for Mo Laksegard.Det blir servert kaffi og enkel servering frå Anita Øvregård. Publisert 27.02.2026 11.07