Innstilt som ny kommunedirektør

Tilsettingsutvalet har innstilt Siri Halvorsen som ny kommunedirektør i Suldal kommune.

13 søkarar søkte når stillinga vart utlyst i februar. Ordførar Mads Drange har vore leiar i tilsettingsutvalet.

-Me er svært nøgde med innstillinga, seier ordførar Mads Drange. -Eit samla tilsettingsutval ser Siri som den rette til å leie Suldal kommune framover.

Siri Halvorsen er innstilt som ny kommunedirektør i Suldal kommune Siri Halvorsen



Siri Halvorsen er 48 år gamal og bur i Flakstad i Lofoten. Ho er utdanna sjukepleiar med master i samfunnsendring, organisasjon og leiing. Halvorsen har vore kommunedirektør i Moskenes kommune og har omfattende leiarerfaring fra Helse og omsorgssektoren, og har arbeida med effektivisering, omstilling og forbetringsarbeid i 3 Romsdalskommunar.

-Eg var i kommunen i eit døgn i forbindelse med jobbintervju og fekk moglegeheita til å gå på oppdagelsesreise på Sand og sjå kommunens satsing på å bygga opp flotte bygg, og sjå litt av aktivitetstilbodet for kommunens innbyggarar.
På kort tid fekk eg eit godt inntrykk av Suldal, folk eg møtte og tilsettingsutvalet. Ein utelukkande positiv opplevelse, seier Halvorsen.

Kommunestyret tilset
Det er kommunestyret som tilset kommunedirektøren, og innstillinga frå tilsettingsutvalet vil bli behandla i eit ekstra kommunestyremøte fredag 11. april klokka 10.