Innflytting i den nye sjukeheimen

I løpet av veka har bebuarar og tilsette flytta inn i den nye sjukeheimen. Mange har vore i sving for å få flyttinga vel i hamn.

Alt er endå ikkje på plass

Endå gjenstår det noko arbeid for å få alt på plass, men me håpar at kvardagen i den nye sjukeheimen vår etterkvart kjem godt i gong.

Lurer du på korleis du kjem fram på telefon?

Har du spørsmål, eller ønskjer å koma i kontakt med sjukeheimen? Ring hovudnummeret 52 79 23 63, så vil du bli sett over til riktig avdeling. 

Takk til de som har bidrege

Me vil takka alle som har bidrege desse dagane. Mange har stått på for å koma så langt som ein har, desse dagane.

Ei varm takk takk til pårørande, Frivillige hender, Haugaland taxi, Nor-log og tilsette frå fleire av einingane våre.

Dette er eit flott døme på godt lagarbeid!

Me ser fram til fortsetjinga på den nye flotte sjukeheimen.

Me flyttar inn i ny Sjukeheim - Klikk for stort bilete