Høyring: Reguleringsplan for Helland – Plan-ID 2024-01

Sterling White Halibut AS – GNR 185 BNR 6, 7 m.fl.

Suldal kommune har i møte den 27. mai 2025 (sak 051/25) vedteke å legge forslag til reguleringsplan for eigedomane gnr. 185, bnr. 6, 7 m.fl. på Helland ut til offentleg ettersyn og høyring, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Reguleringsplan - Klikk for stort bileteHelland Arealplaner.no

Om planen

Planforslaget har som mål å legge til rette for ei utviding av det eksisterande landbaserte kveiteoppdrettsanlegget til Sterling White Halibut AS. Utvidinga skal skje i tråd med føringane i kommuneplanen, og det er lagt vekt på høg arealutnytting innanfor det aktuelle industriområdet.

Dokument og innsyn

Plankart, føresegner, planomtale og andre sentrale dokument i saka er tilgjengelege i kommunens digitale planregister:

Sjå planforslaget her

Innsending av merknader

Alle som ønskjer å kome med merknader til planforslaget, må sende desse skriftleg til:

Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230 Sand

Frist for innsending av merknader er 15. august 2025.

Kontakt

Ole Martin Dahle
E-post
Telefon 45 61 72 15
Mobil 45 61 72 15