Høyring om fastsetting av fellingsavgifter for elg og hjort i Suldal kommune

1.juli 2026 trer ny viltressurslov i kraft. I ny lov, er det nå eit krav om at kommuner som ønskjer å kreve inn fellingsavgift for kvart dyr som blir felt av elg og hjort, må gjere dette i forskrift. Avgifta må fastsettast innafor rammar fastsett av Stortinget i statsbudsjettet.

Etter viltressurslova § 42 første ledd må kommunen ha forskrift for å opne for jakt på elg, hjort og rådyr, samt fastsette minsteareal. For ryddighets skyld, blir og opning for jakt og minstearealet tatt med i ein og same forskrift, men at dette blir direkte overført utan at dette er tenkt endra og bli gjenstand for høyringsinnspel.

Fellingsavgifta

Fellingsavgifta er en avgift jegerane betaler inn til kommunen etter felling av elg og hjort. Dette blir administrert og fakturert av kvar einskild kommune, og fellingsavgifta tilfall det kommunale viltfondet. Det er stortinget som fastset makssatsar for fellingsavgifta for dei ulike artene og skil mellom vaksen og kalv. Innafor makssatsar kan kommunen sjølv avgjere satsen, dei siste åra har kommunen nytta makssatsar. Til dømes er det for jaktåret 2025/2026 følgjande satsar:

  • Fellingsavgift elg, voksen: 670 kroner.
  • Fellingsavgift elg, kalv: 400 kroner.
  • Fellingsavgift hjort, voksen: 520 kroner
  • Fellingsavgift hjort, kalv: 310 kroner

 

Viltfondet

Viltfondet skal i hovudsak bidra til å fremme viltforvaltninga og nyttast til fallviltarbeid i kommunen. Bruken av fondet blir regulert i forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond § 5:

  • Tilskot til tiltak for å fremme viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering med meir i kommunen og nabokommunar. Dette skal skje gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen.
  • Å dekke kommunens utgifter til ettersøk og håndtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
  • Tiltak for å forebygge skader på landbruksnæring voldt av hjortevilt.


I Suldal blir viltfondet i hovudsak nytta til fallviltsarbeid og medlemskontingent i det interkommunale hjorteviltutvalet for Haugalandet.

 

Forslag til ny forskrift

Administrasjonen rår til at ordlyden for fellingsavgift blir som følgjar i forslag til ny forskrift:

  • Fellingsavgift kreves inn etter forskrift 15. mai 2011 nr. 537 om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort § 6, jf. viltressursloven § 9 fjerde ledd. Satser for fellingsavgift settes til maksimal sats for elg og vaksne hjort og for hjortekalv 50 % av maksimal sats for fellingsavgift gitt i Stortingets budsjettvedtak.

Bakgrunnen for redusert fellingsavgift for hjortekalv er å stimulere til framleis å oppretthalde ein høg del felte kalv. Det å skyte kalv er det mest “skånsomme” tiltaket for ein hjortebestand med tanke på å framleis ha som mål å avgrense bestandsvekst og beiteskader. Ved kalveskyting visar det seg og at uttak fordelt på kjønn blir ganske likt og det er gunstig å ta ut dyr i den yngste enden med tanke på å auke gjennnomsnittsalder på gjenværande dyr etter jakta.


Forslag til forskrift ligg vedlagt. (PDF, 183 kB)

 

Svar på høyringa innan 26.04.26

Høyringsinnspel på fellingsavgifter skal vere skriftlege og sendast til Suldal kommune, postmottak@suldal.kommune.no eller Eidsvegen 7, 4230 Sand innan 26.04.2026.

Kontakt

Turi Ottersland Tjøstheim
E-post
Telefon 98 68 31 04
Mobil 98 68 31 04