RÅSTOFFUTVINNING BERAKVAM - KORDALSNUTEN
Arealplaner.no
Om planen
Føremålet med planarbeidet er at Mibau Stema ynskjer å sikre eit langsiktig ressursgrunnlag til si verksemd med steinbrot og produksjon av byggeråstoff på Berakvam ved Jelsa, samt å ivareta omsynet til miljø og samfunn. Pukkverket er i kommuneplan for Suldal kommune 2023 – 2034, vedteken 25.09.2023, disponert til område for framtidig råstoffutvinning (RU1, RU4 og RU5). Området utgjer ca. 2700 dekar.
Dokument og innsyn
Plankart med føresegner, planomtale og andre sentrale dokument i saka er tilgjengeleg i planregisteret.
Sjå planforslaget her
Innsending av merknadar
Alle som ønskjer å kome med merknadar til planforslaget, må senda desse skriftleg til
Suldal kommune
Eidsvegen 7
4230 Sand
eller på e-post til: postmottak@suldal.kommune.no
innan 08.09.2025.
Informasjonsmøte
I samband med høyring av planforslaget inviterer Mibau Stema til ope møte 19. august 2025 kl 18.00 – 20.00 på Jelsa Bygdahus, Jelsavågvegen 3, 4234 Jelsa.
Dersom du vil delta digitalt, meld frå til Mibau Stema på post@mibau-stema.no innan 15. august 2025.